Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Frå turboka  Bli medlem  Fjellvetreglane  Lenker


Ruteskildring

Tur til: Revsdalshornet


A. Frå Nysetervatnet
Den enklaste oppstigninga er å følgje Tudalselva om lag ein kilometer innover Tudalen. Her dreier du litt til høgre (nord) og tek fatt på den bratte skogkledde skråninga mot toppen.

Du tek sikte på ein markert hammar som stikk fram litt ovanfor tregrensa, der terrenget byrjar å flate ut. Denne hammarern rundar du på høgre side, og fortset oppover flate lyngrabbar og bergknauser (mot nordvest) til topps.

På vinterstid er det viktig at du ikkje legg ruta for langt mot høgre (nordaust), der oppstigninga er brattare og kan vere utsett for snøskred.
Oppstigningstid: 2 - 2,5 timar.
Vanskegrad: ***

B. Frå Sunndalssetra (bomveg)
Dette er kanskje den finaste sommarruta. En går då frå Sunndalssetra og på god sti opp til Brekka, som dannar overgang mellom Sunndalen og Nyseterdalen (Røvsdalen). Frå toppen av Brekka dreier du rett sør, og følgjer nordryggen av Revsdalshornet direkte til topps. Siste del av oppstigninga er noko bratt. Men her er likevel enkelt og greitt å ta seg fram, delvis på rås.
Oppstigningstid: 2 - 2.5 timar.
Vanskegrad: ***