Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Frå turboka  Bli medlem  Fjellvetreglane  Lenker


Ruteskildring


Tur til: Straumshornet



Frå Straumgjerde eller Blindheim:
Frå Bakkane/Einane i Straumgjerde følgjer du setrevegen som svingar seg oppetter lia. Når du har passert den siste kneika (vel 350m.o.h) flatar det ut bort mot Hindaholen (rett fram) og Langeneset (mot søraust).

Eit anna alternativ er å starte frå Blindheim. Du køyrer opp ved Hydro-Texaco til Blindheimsbakkane, og vidare innover Skålholtvegen (bomveg) til "Per Sveins Plass". Herifrå går det ny bomveg (Straumsdalsvegen) som fører vidare innover til det omtalte vegkrysset mellom Hindaholen og Langeneset. Herifrå kan du velge mellom to ruter til topps:

A. Direkte opp frå setrevegen, mot vest:
Du fortset vidare innover setrevegen mot Langeneset, i lett og fint terreng. Etter eit par km kjem du til ei bru, sørvest for ein stor "haug" midt i dalen. Eit lite stykke før denne brua, tek du av frå vegen og går rett opp gjennom skogen i vestleg retning (her er ikkje rås).

Fjellsida vert stadig brattare etterkvart som busker og skog tynnest ut, men her er likevel greit å ta seg fram. Du siktar deg direkte opp i det store og djupe skaret som ligg sør for toppen. Du kan enten følgje renna oppover til skaret (ver forsiktig med laus stein), eller gå opp langs nokre bratte rabbar litt lenger til høgre. Frå skaret dreier du opp til høgre (nord), og her straks oppe på den første toppen av Stramshorenet.

Sjølve hovudtoppen ligg litt lenger borte. For å kome dit må du gå over ei smal steinblokk forbi et lite skar. Denne passasjen er enkel, men svært luftig. Fjellveggen går loddrett ned mot Straumgjerde på venstre hand, med atskilleg luft også på andre sida. Steinblokka kan imidlertid omgåast litt nede til høgre, utan nemneverdige problem. Ver forsiktig dersom fjellet er vått.
Oppstigningstid: 3-3,5 timer (frå Straumgjerde)
Vanskegrad ****

B. Trippe:
Denne ruta er litt meir variert, og byr på langt finare utsikt under oppstigninga. Frå det omtalte vegkrysset mellom Hindaholen og Langenest går du over myrlendt terreng i sørleg retning bort på fjellryggen som fører opp mot Straumshornet. Langs ryggen går det fin rås, først gjennom lauvskog og seiare opp langs fjellknauser med flott utsyn. Dette området vert kalla Trippe.

Snart reiser norveggen av Straumshornet seg loddrett til vers. Her rundar du inn til venstre langs foten av toppen (på austsida). NB! Det kan vere freistande å byrje oppstigninga mot toppen for tidleg. Men denne feilen må du unngå, ettersom det fører opp i sleipe og mosegrodde renner der du lett går deg i skårfeste. Rund i staden fjellet langs dei flataste partia, og gå bort på rabbane langs hovudrenna som er omtalt under alternativ A. Deretter byrjar du oppstigninga mot det store skaret sør for toppen, og resten av ruta er identisk med alternativ A.
Oppstigningstid: 3 timar (frå Straumgjerde)
Vanskegrad ****