Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Frå turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Nyheiter

Publisert: 12.06.2014:

Klage NVE vedr. konsesjonssøknad Kroken Kraft, Regndalen


Til NVE

VEDR. KONSESJONSSØKNAD FRÅ KROKEN KRAFT OM UTBYGGING I REGNDALEN

Fjellhug Natur- og Friluftslivlag ser svært alvorleg på planane om kraftutbygging i Regndalen, og vil på det sterkaste fråråde at det vert gitt konsesjon til dette (gjeld både alternativ 1 og alternativ 2). Regndalen har gjennom generasjonar hatt ein unik posisjon innan friluftslivet, både lokalt og regionalt. Ja, endåtil nasjonalt. Dalen vert av mange sett på som sjølve smykkesteinen i Sykkylven kommune, og vi fryktar at dei urørte naturkvalitetane i dette området vert sterkt forringa ved ei eventuell utbygging.

Fjellhug er det største laget innan friluftsliv i Sykkylven, med medlemmar også frå andre kommunar. Laget vart skipa i 1981 og har sidan då arrangert ei rekke toppturar, breturar, familieturar, kurs etc (om lag eitt arrangement pr månad). Erfarne vegleiarar sørgjer for trygg og sporlaus ferdsel. Laget gav i 1996 ut "Fjellhug-boka" (revidert utgåve i 2011) med detaljerte ruteskildringar av samtlege dalar og fjelltoppar i kommunen. Til no er boka selt i om lag 3500 eksemplar. Med dette som bakteppe kan ein trygt hevde at Fjellhug sit inne med brei kompetanse. Ikkje berre når det gjeld kunnskap om fjell og friluftsliv, men også kjennskap til kva som rører seg reint følelsemessig blant dei mange friluftsinteresserte som nyttar Regndalen.

Regndalen er eit svært villmarksprega område med makelaus karakter. Det er ein typisk hengedal, nærmast ei gryte, som inneheld ein av dei største isbreane på Sunnmøre, omkransa av ei kvass og hesteskoforma tinderekkje som omfattar dei høgste toppane i kommunen. I botnen av dalen ligg to glinsande fiskevatn som husar opp mot ein kilo store fjellaurar. Regndalen er ein av to gjenverande sidedalar i kommunen som framleis har heilt urørt natur og som grensar til kulturlandskapet i bygda. Einaste spor etter menneskeleg aktivitet er råsa og restane/murane av eit gamalt stølsbygg. I lys av den samla belastninga av småkraftverkutbygging som har funne stad på Rånahalvøya (den austlege delen av Sunnmørsalpane), meiner Fjellhug at det bør setjast ein stoppar for planane til Kroken Kraft. Til orientering er begge nabodalane på kvar side av Regndalen allereie utbygd.

Regndalen er, trass sin villskap, ei lett tilgjengeleg naturperle, og ei utbygging her vil vere ei skandale. Ikkje berre dalen, men også sjølve fotturen opp dit, står i ei særstilling. Råsa er mykje nytta og har blitt særs populær, ikkje minst blant småbarnsfamiliar. Også mange frå kringliggande kommunar kjem til Sykkylven for å ta denne turen. Første del går i flatt terreng gjennom frodig bjørk- og oreskog langs elva. Deretter dreier råsa oppetter lia under den praktfulle Regndalsfossen, gjennom gamal furuskog langs blåbærtuer og svaberg. Den mest nytta teltplassen oppe i dalen ligg like under den såkalla Regndalshammaren (ein fin klatrehammar) ved det nedste vatnet. Denne staden ligg berre eit steinkast ifrå der Kroken Kraft har planar om å setje opp hus og mure ei 14-16 meter lang demning.

Utbyggjarane hevdar at inngrepet vil bli lite synleg. Dette er ikkje Fjellhug samd i. Regndalsfossen er den mest iaugefallande fossen i heile Velledalen, og med sterkt redusert vassføring fryktar vi at sjølve "smilebandet" i dalen heller vil bli oppfatta som eit "sørgjeslør". Fjellhug kan heller ikkje fatte korleis det kan bli lite synleg med ein 2,4 meter høg og 14-16 meter lang mur ved vatnet, samt nytt bygg med tilførsel av kraft- og fiberkablar som etter planen skal ligge ope i terrenget. Lite synleg nede frå bygda, ja, men ikkje for dei mange som jamnleg besøker denne unike staden. Friluftslivets lange tradisjonar og sterke posisjon er knapt nok nemnt i konsesjonssøknaden frå Kroken Kraft. Dette er den klart viktigaste brukargruppa, og dei fleste har ei sterk kjenslemessig tilknyting til Regndalen. Som det står skrive i boka "Fotturar på Sunnmøre" av Helge Standal: "Mange velledøler vurderer Regndalen som den vakraste dalen på jorda" (side 224).