Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Strandabøen 24.06.2011


Dei to turleiarane var ute i god tid på småbåthamna i Hundeidvik for å førebu storinnrykket av deltakarar. På programmet sto båt-/padletur med overnatting (for medlemmar) til Strandabøen. Ei perle av ein strandgard inne i Hjørundfjorden. Kajakkane låg og gløda i skroget av iver etter å kome seg på vatnet. Ein hake ved det heile var at turen også var annonsert som båttur. Altså kunne det dukke opp eit medlem eller ti utan fartøy, berre med lavesko og reisebag over skuldra. Og kva hadde vi å tilby då?? Rett nok er den eine turleiaren for reiar å rekne, med både snekke og "plastfæring" i sin portefølje. Men plan B kom aldri lenger enn til idestadiet. For snekka hadde blitt sterkt angrepet av inkontinens i oljesystemet (kaputt), og startsnora på plastfæringen slitna som ein tanntråd (også kaputt). Dermed dukka plan C opp, nemleg å ro (!) plastbåten. Men ein kort prøvetur i hamnebassenget viste at båten var so flatbotna og tungrodd at vi like gjerne kunne rodd på ei bølgeblekkplate. Det ville blitt ei lang dags ferd mot både ei og to netter.


Klokka bikka sju på kvelden. Og det viste seg at ingen dukka opp! Ikkje så mykje som ein landkrabbe framma dala. Dermed var saken biff: Kajakkane vart sjøsette, og den eine turleiaren fekk ansvar for å leie den andre, og vice versa. Dermed var vi begge i trygge hender, sjølv om ingen av oss meistra eskimorulla. Bølgjene braut rimeleg bra rundt Gjeveneset. Vinden kom gunstig ifrå vest, slik at dersom uhellet var ute, ville vi heilt sikkert drive i land med alt pikkpakket på ein høveleg stad. Inne i fjorden roa blåsten seg heilt ned. Det gjorde padlarane også. Vi hadde all verdas tid langs stranda under all edellauvskogen. Ein bande med niser pusta oss i nakken og prøvde å jage opp tempoet, men vi orka ikkje å henge med på kjaset. Høgt oppe i lufta hekk ein falk, heilt stille, berre vingane gjekk som trommestikker, før han la dei tett inntil kroppen og stupte rett ned, eit par hundre meter minst, som ein luft-til-bakke missil, og rett ned i skogen der vi ikkje fekk sjå sjølve nedslaget, men der han heilt sikkert bora seg inn i eit eller anna biologisk materiale.


Skodda klamra seg fast i fjelltoppane, men dei sleppte ikkje ned ein einaste dråpe. Etter 5-6 km runda vi det siste neset og sklei elegant inn til brygga og naustet på Strandabøen. Vi fekk ha heile området for oss sjølve, denne juvelen som i tidlegare tider var blant dei mest velståande gardane langs fjorden. Truleg vart garden rydda og busett allereie på 1500-talet. Ein solrik og brattlendt plett, plassert mellom to fonngjøl, der det blei planta både frukttre og bærhage. Her vart det bygd eigne jekter (frakteskip), her vart det drive ysteri, kraftverk og gartneri, og her låg det første huset i fjorden med innlagt vannklosett og bad (1926). I 1960 vart heile stasen seld til Vestlandske Kraftsamband for den nette sum av 20 000 kroner (i dag står Tussa Kraft som eigar).


Den planlagde teltplassen var attgrodd av knehøgt gras der flåtten stod i kø for å spreie borrelia-smitten sin. Så difor valde vi å telte på rein betong; den nystøypte kaia ved naustet. Greit nok når ein har therm-a-rest og skrotten kan ligge på luft. Vi var ikkje seine om leite fram fiskestengene og la slukane suse. Og fisken lot seg enkelt lure kopi-agnet. Gong på gong. Dei kan umuleg site inne med detaljkunnskap om form og farge. Snart låg det ein fin haug med sei, lyr og torsk på kaia. Alle gapte med gjellene og himla med augene. Altså fortapt. Etterkvart kom vi til at våre eigne magemål ikkje lenger stemde overeins med fiskehaugen. Difor gjekk vi over til den etisk meir høgverdige fangstforma som på fint heiter "catch and release". Dette går ut på å drage fisken forsiktig på land, for så å sleppe han meir eller mindre skada ut igjen.


Bålet varma godt. Poteter, løk, gulrøter, fiskefiletar og anna småsnacks godgjorde seg i aluminiumsfolien. Sjøen låg svartstille, mens vi filosoferte over mykje som vi verken hadde tankekapasitet eller ordforråd til, og konkluderte med at det å fiske er den einaste filosofi ein blir mett av. Natta seig på, men ikkje nattemørket. Oppe i skogen like ovanfor huset heldt eit par ugler det gåande i fleire timar med huiing og kauking. Skal ein døme etter spetakkelet så var det sikkert eit ektepar. Og vi huia tilbake før vi kauka oss ned i soveposane.


Om morgonen var det spent ein boge over halve fjorden. Han var farga i raudt, oransje, grønt, gult, blått, indigo og fiolett. Regnbyga hadde reist forbi og kom aldri tilbake. Vi vurderte å padle ut til foten av regnbogen og finne den berømte kista av gull. Men sidan dette var midtfjords så hadde kista heilt sikkert sokke ned på havbotnen. Gull flyt ikkje. Så det var ikkje bryet verdt. Difor padla vi heim att i staden, og var samde om at det hadde vore ein særs vellukka tur med framifrå turleiing.