Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Jolgrøhornet 27.12.2010


JOLGRØHORNET 1253 moh, Gild juletur til Jolgrøhornet 27.12.-10


desse var med:Ove Skylstad,Magne Nilsen,Per Magne Drotninghaug,Lars Peter Dahle,Egil Astad,Kjell Glomset turleiar,Anne-Lise Welle turleiar.


Sju skiglade sjeler steig ut av bilvarmen si lune verd. Ut til 12 blå som beit litt i kinna på Stavseng-garden øvst i Liabygda denne 3.juledagen. Julekortstemning med snøtunge tre og eit jomfrueleg kvitt vinterlandskap sette frosne kroppar i god romjulsstemning.


Opp nokre bakkar og granfelt seinare hadde midtvinterbleike kinn fått ein frisk roseraud farge.Ein skulle nesten tru det var ein ungdomsgjeng som var på tur, so friske såg dei ut. Strengt tala var det vel berre Per Magne som held den alderen...


Oppe på myra ved inngangen til Ringsetbotnen nådde vi sola, millionar av glitrande blåblåe snøkrystallar blunka lurt til oss i eit gildt julelandskap. Kunne det vere jervespor vi såg i snøen? Iallefall ein som hadde fare vidt, på alle fjelltoppar i nærleiken såg vi ivrige firbeinte spor.


I lia opp mot Vardebakkane fann vi ein tilnærma trekkfri pauseplass i desembersola med utsøkt fjordpanorama. Frå toppen av Vardebakkane er det ikkje lange biten til topps på Jolgrø. Omlag 3 timar m/pause brukte vi frå Stavseng. Ein iskald trekk gjorde audiensen på toppen heller kort, men det var likevel godt å få skifte på seg til tørt bak varden. Komen såvidt nedom toppen traff vi to spreke damer frå Liabygda på veg opp.


Blåtimen lydde namnet sitt med rette denne 3.juledagsettermiddagen. Eit nydeleg lillablått lys farga himmel og fjell mot aust, no var det berre desserten att. Himmel på jord. Nedrennet som vi hadde gleda oss til heile vegen opp dei seige Vardebakkane. No var stunda komen for blåtimelys og låmekåte hugarar.


Per Magne sette standarden(den guten er rå på telemark...) og resten kom susande etter. Ei meir silkemjuk og hjartevarmande oppleving i 12 blå skal ein leite lenge etter. Ute på flata kunne vi imponert vende blikket mot bakken, sirlege signaturar fortalde at her hadde vore fagfolk.


På skjelvande lår kom oss meir eller mindre galant til gards. Alle var einige om at gildare tur hadde dei ikkje hatt på lenge. Den kvelden høyrde eg ein fin julesong på radioen: 'himmel på jord', kanskje var det på Jolgrø denne romjulsdagen?