Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Vellingsneset 31.10.2010


Regnbygene kom og gjekk, og stormkasta frå sør røska godt tak i landskapet. Men Fjellhug har som kjent dårleg tradisjon for å avlyse turar, så ytterplagga vart sett på prøve denne helga også.


Det var eit trist syn som møtte oss på bålplassen. Masse plastposar, tomme ølboksar, eingongsgrillar, aluminmiumsfolie, partyreke-boksar og mykje anna sarv og etterlatenskapar. Sånt høyrer ikkje heime nokon stad, og det vart mumla eit eller anna om skotpremie.


På sjølve Vellingsneset bles det så hardt at vi bestemde oss for å finne ei lunare vik litt lenger inne. Her vart det fyrt opp eit staseleg bål som både folk og grillpølser fekk varme seg på. Fiskelukka var det verre med. Tang og tare var det einaste vi klarte å lokke på kroken.


Den eine turleiaren måtte tidleg heim for å reparere ein mønekam på hustaket som vinden hadde herja med om natta. Seint men godt kom ein lokalkjend fjellhugar frå Kursetgjerde som visste nøyaktig kvar fisken stod. På sine to første kast drog han på land to fine seiar, til stor frustrasjon for oss som hadde kava fånyttes.


Alt i alt ein frisk tur som gav farge i kinna. Vi var til saman sju i talet.