Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Melen 03.10.2010


Skodde langt ned i fjella,sur vind og lett regn1 dette var det været vi vart servert morgonen når det skulle være oppmøte på Aursneset. Tross det sure været var vi 6 personer som stilte opp. Vi køyrde til høgste punktet på vegen mellom Vatne og Fiksdal, der vi starta turen med dagens turmål godt synlig.


Ytterjakkene var på når vi starta, men etterkvart vart desse plassert ned i sekkane hos dei fleste. Turen gjekk i lett terreng første delen, god rås stort sett heilt til topps, men siste halvdel av turen går i ur og er litt brattere. Vi tok ei god matpause omtrent halvvegs, då hadde vinden auka, og vi fann oss ein rasteplass der vi hadde litt ly. Toppen blei nådd 1 time og 45 minutt etter at vi starta, og her fekk vi sjå Molde , Romsdalsfjorden og hundrevis av nye turmål. Regnbyene stod rundt oss heile dagen, men vi skar stort sett fri, kun litt regn når vi var på toppen!