Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Storevasshytta m/omland 05.09.2010


TÅRNET / STOREVASSTINDEN.


Fjellhugtur 5. september 2010. 20 deltakarar.


Himmelen var blå som havet, og vinden feira sikkert eit eller anna jubileum. Han var iallfall bortreist på dagen. Det var so klart og stille som berre september kan vere. Alt låg såleis til rette for ein storslagen fjelldag i og rundt Riksheimdalen. Fem ivrige karar var på plass i kraftverkhytta dagen før, noko som førte til at fire kre vart utsatt for lekamsskade med døden til fylgje. Halvparten er som kjent nok til å mette fem tusen menneske i øydemarka. So det vart meir enn nok til fiskegryta utpå kvelden.


Ved kraftverkhytta seig fleire og fleire heil- og halvsveitte kroppar på, dess meir klokka nærma seg 11 på føremiddagen. Då starttidspunktet var nådd, stod i alt 17 blide og lettkledde skrottar og myste mot lokkande fjellnutar. Dei to turleiarane føreslo Tårnet som eit høveleg mål, noko som synast å falle i god smak hos alle. Ein flott tind. Snart vandra rada av ryggsekkar forbi Storevatnet og vidare opp til Tredjevatnet. Her tok vi farvel med den tradisjonelle "standardråsa" over til Trandal, dreia opp mot sørvest, inn i skuggelandet og tok fatt på dei urete bratte bakkane som fører opp til bandet mellom Tårnet og Storevasstinden. Idet vi bikka kanten vart det eit hjarteleg gjensyn med sola, som straks sette igong si kjærkomne strålebehandling av ihuga hugarkroppar. Her, på knappe 1200 meter, var tida komen for den første skikkelege matpausen. T-skjorter blei kasta, småpraten gjekk, og dei mest bedagelege la seg langflate med blikka tenktsomt retta mot himmelranda i håp om å finne ei meining med det heile.


Då vi tok fatt på den siste sjarmøretappa opp langs kanten mot Tårnet, høyrde vi stemmer nede frå ura i skuggen. Der kom tre etternølarar. Heilt i tråd med fjellhugsk tradisjon. Dermed vart vi 20 i talet. Den siste oppstigninga til Tårnet var ei smal sak. Eller kanskje rettare sagt brei. Breen som ofte ligg under toppen var heilt borte vekk, og det gjekk som fot i hose å ta seg opp til varden. Haustlufta baud på framifrå utsikt i alle himmelretningar. Fjord, hav, øyar, dalar, brear og tindar så langt auga kunne sjå. Og dei med kikkert såg kanskje lenger enn ein burde sjå.


Frå Tårnet ser Storevasstinden ut som ei kvass pyramide. Toppen låg der og gjorde seg lekker og smiska seg til. Lokka og gnog i fjellfrelste sjeler. Dermed bestemte vi oss for å takke ja til frieriet. Det var tross alt berre ein liten times avstikkar. Etter litt småklyving mot slutten kunne dei fleste notere ein ny topp i blokka. To spreke ungfolar hadde tydelegvis fått vatn på mølla. No var dei i drift og hadde endå eit mål for auge: Blåbretind. Dei fekk med seg ei garva ringrev på over 50 år og strauk av garde vidare. Resten av gjengen fann det best å tråkle seg ned att mot lavlandet. Returen gjekk knirkefritt og alle var samde om at dette var ein av årets vakraste dagar. Særleg imponerande var det av Kristen Andre på 8 år og Simon på 12 år. Dei bestod manndomsprøva med glans.