Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Høghornet 09.05.2010


Nattekulde gav fast underlag trass i strålande sol som framkalla bare overkropper og kortebukse for dei mest varmblodige. Jamnt sig frå Gudbrandsjuvet kl.11.00. Skiene på mest med det same etter skogsvegen opp gjennom lia til Alstadsetra. Matpause omlag i tregrensa med utsikt til Trollkyrkja i sør, Neskopptindane i søraust, Høghornet i aust og på andre sida av Valldalen ruva Alstadfjellet, Remsfjellet og Høgstolen kunne skimtast.


Slakkare terreng innover botnen mot fremste Heivatnet. Ei og anna rype tok til vingane.


Frå vatnet ny jamn stigning mot toppen på 1480 m.o.h. Dei raskaste slo i varden litt før kl.15. Baktroppa kom sibbane 20 minutt seinare.


Eit slørete skydekke kvelte sola, flata ut lyset og tvinga klær på bare kropper. Det flate lyset skapte ekstra utfordringer i den flotte nedkøyringa. Heldigvis var underlaget rimeleg fast og fint så det meste gjekk på skinner likevel. I skoggrensa vart snarvegen gjennom elvagjølet valt. Kort matrast før skileiken kunne halde fram på eit "softare" underlag ned gjennom skogen. Låra fekk pryl, men moro var det lell. Vel nede mellom kl.17-17.40 kunne vi skue tilbake mot toppen. Vi rakk også ei rask synfaring til Juvet Landskapshotell (designhotell) før vi hasta til 18.30 ferja frå Liabygda.