Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Synnavindsnipa 06.09.2009


Frammøte var annonsert til klokka 11 ved kraftverkhytta/Storevatnet. Dei seks som overnatta hadde ikkje særleg tru på noko tilstrøyming. Kanskje vart det berre dei?? Vinden var nemleg surmaga og regnet truga med nevane. Og kva skjer? Jøu, den eine etter den andre dukka opp. To av dei endåtil iført shorts! (Ove og Egil, optimistiske hardhausar). Då slaget slo elleve presis, var det samla i alt 17 personar framfor hytta, pluss to hundeskinn. Turleiarane var litt betenkte ettersom den utradisjonelle ruta opp frå inste botnen av Storevatnet byr på ganske krevjande terreng når det er vått og sleipt. Og mykje laus stein i bratt lende er ikkje akkurat harmlaust når ei rekkje på 17 personar og to bikkjer kravlar iveg. Dessutan kom skodda sigande ned i toppane. Med dårleg sikt (og dårleg husk) kunne det bli vanskeleg å finne den nøyaktige ruta som går opp langs renner og over ryggar.


Første matrast tok vi under ura, like før småklyvinga tok til. Regnbygene kom og gjekk. Det var hustrig, så pausen vart relativ kort. Ettersom skodda hadde gått inn i ein tilstand av stagnasjon, såkalla nullvekst, bestemde vi oss for å prøve. Og det skulle vise seg å gå framifrå. Med stor varsemd snegla vi oss oppover. Aktsame steg og årvakne blikk. Berre eit par gongar vart det ropt "stein!". Heldigvis var det berre småstein som på død og liv ville prøve om Newton sin teori om tyngdekrafta var korrekt. Og snart bikka vi endeleg kanten oppe ved toppen, like heile både i sinn og skinn. Enkelte meinte det var bra å få strekke grensene sine under slike forhold. Sant som det er sagt . berre ein ikkje gløymer grensekontrollen. Termometeret til Hans Kristian viste berre to plussgrader, så det var ikkje fritt for at det blei nokre valne fingrar her og der. Men no hadde vi ikkje bruk for finmotorikken lenger. Maten og kaffien smakte uansett godt.


Nedturen følgde den såkalla normalruta. Altså ned nordryggen, forbi eit djupt skar, og vidare ned mot Tverrfjellet. Skodda var ustabil, . eller litt ute av balanse som det heiter psykologispråket. Og det var vi glade for. Oppe frå toppryggen fekk vi stadige glimt av det fascinerande landskapet innover Hjørundfjorden. Og ute på Gjeveneset skein sola! "Det gjer ho alltid", sa Gjeve-Lars. Nede ved skaret måtte vi igjen vise aktsemd. Det er ikkje akkurat noko snuble-terreng. Alt gjekk smertefritt, og snart var det berre sjarmøretappa mot Tverrfjellet og anleggsvegen igjen. Litt dramatikk skulle det likevel bli. Kjell K oppdaga ein sau som hadde kilt seg bom fast mellom to steinblokker. Truleg hadde han hatt opptil fleire deprimerte dager i trange kår (sauen altså). Kjell måtte bruke all si makt, og litt til, for å befri den ulykksalige ulldotten. Då han endeleg kom på frifot igjen, og prøvde å legge på sprang, resulterte det i at han tryna og slo skallen i svaberg og vegetasjon kvar gong han trødde på venstre framfot. Sjølv om han kanskje var dum som ein sau, og såleis ikkje hadde stort å tape på daskane, reint intellektuelt, såg det slett ikkje bra ut. Vi trudde han hadde brote foten og byrja å fantasere om naudslakt og blod og andre ekle greier. Heldigvis, til stor glede for alle, fekk sauen gradvis krafta tilbake i foten. Det var vel berre blodmangel. Noko seinare gjekk han og beitte på saftig gras, blid og fornøgd, og ville slett ikkje høyre snakk om fotsoneterapi. Kjell utførte dagens gode gjerning og Fjellhug dagens gode tur.