Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Høgstolen 02.05.2009


Research


Turen til Høgstolen var lagt opp som ein vårskitur. Toppen kan nåast frå fleire kantar så turleiarane hadde på førehand prøvegått ulike variantar, og fastsett det endelege rutevalet til å starte frå Langdal.


Går tom


Etter ein lang fineversperiode måtte det sjølvsagt dra seg til når Fjellhug skulle på tur. Vermeldinga som kvitra gjennom eteren tidleg på morgonen varsla lettare ver ut på dagen.


Svele og morgonkaffi var lagt i magesekken på veg over Storfjorden med 09:15 fergå frå Stranda. Kl 10:30 var vi i siget frå P-plassen i Langdal. Skiene måtte berast dei første 30 metrane i slakk unnabakke. Deretter var det berre å lange ut på ski innetter den flate setervegen mot Nedstestølen med lette regndråpar kjælande I nakken.


Vi nådde den tette klynga av velhaldne seterhus. Somme grå i leten med kvite blondegardiner smilande mot oss i dei småruta vinduga. Andre meir fargesprakande. Fotoapparata vart nytta før vi kryssa elva på relativt nylaga og solid bru.


Heldt fram til venstre på andre sida mellom eldre setertufter for vi nådde ei opa grov som rann strid. Mange utsøkte krysningmetodar vart vist fram. Skiene måtte av i nye 30 meter i råsa opp brauta mot Berilldalen. Med unntak av Kjell som var "allergisk" mot skiavtak, men ikkje mot all verdas omvegar.


Inn Berilldalen skein det opp, og vi steig jamnt og trutt mot vatna i Berilldalskoppen. I vel 900 meters høgde la vi inn lunsjpause, og nytte livet på dei avsmelta knausane som stakk fram. Herfrå hadde vi god utsikt mot breen.


Anne Marta likte seg så godt på desse varme knausane, som sikkert minte om heimlege trakter på Valderøya, at ho kunngjorde at ho ville bli der til vi kom attende frå toppen. Ho prøvde å tilsløre dette med noko svada om at ho hadde gått tom og ikkje hadde dagen.


Når toppen


Dermed var det berre mannfolk som gladeleg la i veg vidare mot toppen med Øyvind som frisk fartshaldar og sporleggjar. Turleiaren gjekk god for sikker ferd opp langs breen så lenge ein heldt seg i same traseen som var gått for 2 dagar sidan. Tauet fekk dermed ligge urøyvd i sekken på heile ferda. Traseen gjekk opp langs breen på venstre side.


I vel 1400 meters høgde tjukna det skikkeleg til, og det sette inn med snøkave. Sikta vart minimal og det piska godt i trynet. Åge la inn eit vegpunkt på GPS'en og følget fortsette på kompasskurs opp langs ryggen som leia mot platået. Kjell bygde snøvardar med jamne mellomrom for å sikre synlege vegleiarar ved ein retrett. Vi kafsa på, fellene begynte å klabbe og det vart ymta frampå om vi ikkje skulle snu. Etter litt kurskorrigering stod vi endeleg oppe på flata som leier bort mot toppen. Åge kunne opplyse at GPS'en viste vi berre var 150 meter unna "første mål". Der tok vi av skiene og heldt fram til fots med stavane som gode støttespelarar. Vinden hadde laga grove formasjonar på toppen slik at skigange mot sjølve toppen ikkje var så mykje å trå etter. I dårleg sikt kafsa vi oss fram og kunne til slutt skalle i varden og konstatere at toppen var nådd. 6 timar etter at vi vralta avgarde frå Langdal.


Forvilla I tåka


Toppen var ingen blivande plass for dagens moderne homo sapiens utan pels, så vi starta retretten umiddelbart. Iveren etter unnabakkane og telemarksvingane gjorde at turleiaren tok vel rakt av på ski utan å ta ut kompasskursn. Sjølv om ein føler sek sikker på vegvalet, så er tett skodde eit svikefullt fenomen, og det var raskt oppdaga at vi dreiv av litt for langt mot høgre (normalt til venstre i skodda), så vi korrigerte kursen til venstre og kom inn på nokre skispor som vi straks trudde var våre spor der vi hadde kome opp, så vi følgde desse vidare unna bakkane. Men medan vi hadde vore på toppen hadde vinden teke bort mykje av laussnøen og mange gamle spor kom til syne. Med eit stod vi ved nokre steinformasjoner vi slett ikkje drop kjensel på. Dermed var det tid for samling. Med ein GPS og to kart og kompass-karar, gjekk det rimeleg kjapt å bli einige om vidare kurs. Like etter letta også skodda litt slik at den lommekjende kunne slå fast 100% at kursen var rett.


Varmen kjem tilbake


Vi kom raskt under skoddebeltet og med 5 cm pudder vart det ei eventyrleg leikande låming, der vi passerte i svitsjande svingar den eine snøvarden etter den andre kreert av Kjell. Dei minte om kvita jasar. Nedkøyringa frå Høgstolen er lang og herleg som ei sommarnatt. Varmen steig i kroppen og snøen gjekk frå pudder til sløsj, og ned på svaberga stod Anne Marta og venta på oss med opne armar.


Vi spretta sekkane og glefste i oss dei siste brødblingsane på ein lyngrabbe før siste låminga ned langs vestsida av Berilldalen, over dei mange fonnefara, tok til. Kl 1930 var alt pakka i bilane ved Langdal. 9 timar etter start var ein vaksen tur til ende.