Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Kjerringkjeftane 21.08.2022


Kjerringkjeftane 1028 moh


Morgenen starte med regn og skodde langt ned i fjella før avreise Sykkylven. Meldingane YR hadde for Bjørke var regn heile dagen med lyn og torden utover dagen. Turleiarane hadde dirfor liten tru på stort oppmøte av deltakarar. Men så feil kan ein ta!! Totalt vart vi 18 personer og ein hund som starta å gå frå parkeringa i Bakkedalen, og veret vart fint.


Den første timen gjekk vi i våt rås og tett vegetasjon. Etterkvart kom vi opp til moreneryggane og landskapet blei åpnare og utsikta vakrare og vakrare.


Vi tok ein god matrast høgt oppe i Russedalen før vi tok fatt på dei siste 300 høgdemetrane til toppen. Denne delen av turen har åpent og lettgått terreng. Ville fjell og djupe daler åpenbara seg og utsikta blei ivrig fotografert av deltakarane. Endå finare blei utsikta då vi gjekk nedover langs fjellryggen i retning Finnes. Nede på kanten kunne vi nyte storslagen utsikt, mat og drikke og fastsette namn på alle dei flotte fjella som vi kunne nyte synet av.


Returen gjekk same vegen som vi kom opp og regnet heldt seg unna heilt til dei siste 15 min av ruren. Då kom pøsregnet og dusja alle dei fornøgde deltakarane.


Takk for turen