Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Remerhornet 18.04.2022


18 tursugne fjellfantar møtte opp ved parkeringsplassen før Grebstadsætra. Aldersspenn på turdeltakarane var frå under 30 til over 80! Véret var glitrande, sol frå skyfri himmel - kortebuksevér.


Sikker guiding av Rigmor opp til tregrensa, kryssa den store myra og steig sakte men sikkert opp mot toppen på 866 moh. Litt spredning i feltet oppover lia.


På toppen var det vindstille, og panoramautsikt til sunnmørsalpane som glitra fint i skarpt påskelys. Utsikta til Ålesund og havet og øyane nordover var heller ikkje til å kimse av. God solrast på toppen , minst ein time døsa solhungrige hugarar denne siste påskedagen 2022. Gudrun serverte heimelaga kake til alle som ville smake, lukka ville ingen ende ta.


Nedkøyringa gjekk meir eller mindre som ein leik. Føret heldt overraskande bra når ein tenkjer på temperaturen. Lita samling av troppen ved Nedsætra før siste flate strekket mot parkeringsplassen.


Fin start på tursesongen 2022 i ei heller rasfarleg påske.