Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Smørskredtind 20.09.2015


Etter mykje nedbør siste par dagane viste sundagen seg frå si finaste side, i alle fall tidleg om morgonen. 11 tindeklyvarar møtte opp til denne småkvasse overgangsturen frå Habostadsætra, via Nyset og Svartdalen, over Kåpefjellet og til topps på Nordre Smørskredtind.


Retur var planlagt ned i Tverrdalen og til Rødsetstølen i Moldskreddalen. Etter litt haudebry i transportfaget fekk vi plassert nødvendige retur-køyrety på Rødsetstølen. Halvparten hadde då tjuvstarta frå Habostadsætra som harar medan hovudfeltet kom dampande innover Fossane mot Nyset.


Harane som sat og pausa på Nyset stirra med lengselsfulle blikk på leikande solstrålar i Svartdalen. So då blei'kje det långe ykta på hovudfeltet, ein kjeft kaffi og litt energi-påfyll... Like greit det, anslagsvis 4-5 grader denne seinseptembermorgonen gjorde pausane naturleg korte.


Etter nokre vågale elvakryssingar og vasping i våt fjell-lyng kom vi fint tempererte opp i Svartdalen. Ein heller lite besøkt hengedal rett sør for E6'n nede i Habostaddalen (mot Patchell). Med sine smaragdgrøne vatn som perler på ei snor innetter dalen blunka han lurt til desse nyfikne menneskekryp som hadde så lita tid til å nyte. Strenande mot nye tindar og eggjer.


Bratt oppstigning mot Kåpefjellet, men ikkje vanskeleg dersom ein gir seg tida og studerer ruta. Flotte ryggar og eggjer mot Nordre. Skoddedøttane leika kring nutane mot Patchells pinakkel, ei trolsk stemning i høgfjellet. Nådde att nysnøen i ca 14-1500 meters høgde. Fin snørygg mot toppen på 1606 moh. Tinden var blyg denne sundagen, ville liksom ikkje heilt lette på sløret.


Etter ei god matykt stramma vi grepet rundt isøksa og sette avgarde ned bratte snøbakkar så nysnøven spruta rundt kortebuksekledde leggar. Når snøven tok slutt glei vi nedover bratte graskledde skråningar ned mot Tverrdalen.


900 høgdemeter på sure lår, vaklevorne anklar og lealause kne... alle kom beinheile ned og landa fint i flate Tverrdalen. Grei rås derifra og ned til bilane på Rødsetstølen.


Fin tur med fin gjeng, spørs om oss ikkje må gå den upp att i glitrande sumarsvér neste år?