Fin og varm søndag først i juli, og siste søndag før fellesferie. 12 turglade personar stilte opp i sommerlege kle, og det lukta solkrem lang veg.
Dette likte flugene særdeles godt, cirka 8-9 tusen følgde opp, ja til langt over tregrensa.
Men likevel var dette ein superfin tur. Etter skoggrensa kunne vi gå på fin og fast snø omtrent heile vegen opp, og nokre var nok litt solbrendt også, ein flott start på juli-månad.!!