Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Langeneset 21.06.2015


Årets første skikkelege sumardag! Ein kunne difor vente storinnrykk når familietur til Langeneset stod på programmet. Men utanom turleiarfamilien var det berre ei einsleg sjel som stod klar med tursekken ved Hydrostasjonen kl. 10.00. Kanskje dei fleste vart so forfjamsa av sola etter eit par månader med kulde og væte at dei ikkje rakk å omstille seg?


Frå Osen og innover langs vatnet gjekk det i høveleg bra tempo. Men drygt halvvegs måtte vi ty til påfyll av sjokolade for å produsere fleire duracellkaniner i kroppen til den yngste på 5 ½ år. Den eine turleiaren prøvde fiskelukka utan å lukkast. Det gjekk på sjølvtilliten laust. Han fann ikkje likevekta før fire ungdomar kom gåande imot. Dei hadde overnatta, med topp fiskeutstyr, utan å kjenne eit napp. Ei gledeleg nyhende som trøysta.


I barnehagen hadde den yngste lært at nyskota på grantrea rensar kroppen. So vi måtte no går der og tygge. Elles var det rolig og stemningsfullt langs vatnet. Men det vart kanskje i meste laget med ein gauk som heldt det gåande heile dagen. Eller kanskje var dei to. Songreportoaret føltest ein smule monotont i lengda: "Ko-ko". Dei burde fått nye impulsar. Og ho som fekk påfyll av sjokolade lot seg rive med i endelause repetisjonar av "Jeg gikk en tur på stien".


Inne ved Botnen var det full fyr på bålet. Ein far med tre gutar var i full sving med pølser innbaka i pinnebrøddeig. Snart fekk vi varma nokre godsaker vi også. Og like etter dukka tre rutinerte Fjellhugarar ut av skogen. Dei var so spreke at dei føretrakk å starte frå Straumgjerde, slik at dei ikkje gjekk glipp av motbakkane. Drøsen gjekk ved bålet. Ungane måtte uti vatnet, sjølv om det meste var nysmelta snø. Forstå det den som kan. Langs stranda vart det leita etter både gull og diamantar. Med hell! Vaksne utan fantasi går jammen glipp av mykje.


"Fjøre til fjells"-fjøla inne i Botnen vil nok trekkje fleire folk i løpet av året. Vi møtte nokre av dei på heimveg. Den som legg turen dit vert neppe skuffa. Ein idyllisk plett på jord. Men det er litt myrlendt i inste del av råsa, så ta med gode sko.