10 sjeler og 1 hund møtte opp denne sundagen som var første dagen på lenge med antydning til pent ver. Etter litt omorganiserting var 1 bil sett att på Løset for å skysse resten av sjåførane fram Fasteindalen for avhenting av køyrety.
Starten oppover myrane og gjennom kjerra gjekk fint. Etter kvart kom dagens einaste byge i for av kald sur snøv. På med klede. Letterpå av igjen.
Innan friidrett brukar dei hare til å halde oppe farta og lage strekk i feltet. Denne dagen var han på tur med Fjellhug. Greit nok, han trakka spår i snøven , men litt lang steglengde for dei leste. Pause på Husnakkhornet. Deretter unnabakke stort sett heile vegen til Løset.
Først i nysnøv med antydning til skare lag, etter kvart på barmark.
Fin utsikt til fjellheimen aust for Ramstad- Fasteindalen. Fin utsikt andre vegen og. Etter kvart var alle samla på Løset. Der dukka turens einaste problem opp: sjåførtransportbilen, ein VW av ikkje alt for gamal årgang nekta plent å starte. Men det går ikkje å reise på tur utan mekanikar. Denne gongen hadde vi visst med 2 stk, og etter ein kort kamp måtte bilen gi opp.