Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Geitfonnegga 03.05.2015


Start frå parkerings/rasteplass ved Korsmyra å toppen av Ørnevegen (620 moh) kneisande over turistmagneten Geiranger.


Skiene kunne takast på i vegkantan, og sola lokka fram kortebukse hos fleire.


Rimeleg flat start etter setrevegen til Haugset før terrenget slo krøll på ryggen og laga motbakkar vidare til toppen.


Sola steika og gjorde snøen i enkelte parti rett så blaut med liten bereevne for tungt lasta kroppar.


Ei pausestund i 1100 meters høgde med noke godt i koppen og næring til makineriet, medan augene panorerte over UNESCO verdsavrområdet Geirangerfjorden, minna oss om at paradiset ikkje er noko vi skal til, men noko vi er i .


Fulle av energi gjekk dei brattaste motbakkane som ein leik. Ved høgde 1300 delte flokken seg valfritt. Ein flokk seig jamnt og trutt innover dalen medan dei vann høgde. Den andre tok set til himmelsjå etter den breie ryggen til høgre.


Mot toppvarden kunne alle gli på godt skiføre og nyte den storslåtte utsikta over fjord og fjell til fulle. Kald vind var ein faktor som kalla på snarleg retrett etter guppeselfi og turboksignering ved varden.


Nedturen vart ein ny opptur. Ned i gropa etter første gilde unnarettet var lufta varmare og tjukkare, så her landa vi i steinura som fuglar på eit fuglefjell. På nytt kunne friste kaloriar finne vegen heilt fram til dei minste celler før nye gruppe foto med breie glis vart lagra på elektroniske brikker.


Med spennvidde frå fykande, dansande leik til stive lår og nervøse svingar, kom alle seg velberga ned meir eller mindre samla.


Ein gild tur i gildt landskap med ein flott turgjeng. Betre bruk av ein helgedag finst knappast.