Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Sætretindane(Dalmannshorn) 19.04.2015


Søndag 19. april fullførte 22 personar ein fellestur til Sætretindane, også kalla Dalmannshorn og Brunstadtinden. Det råder litt usikkerheit om kor mange som starta på turen, men ein meiner det var 23 stk. Det var felles semje om at såpass mange som 22 stk då kom nedatt, ja det må ein seie seg godt nøgd med.


Turen starta frå skitrekket på Strandafjellet i ti-halvelleve-tida, og når alle hadde fått samla ihop alt av utstyr, så vart vi til slutt ein samla gjeng på første rasteplass, rett før vi starta stigninga opp til sjølve toppen. Vi valde legge turen via Isjlebotnen, og ikkje via Sykkylvsskaret eller Tuveggja, som også er to brukte ruter. Kva som er grunnen til at denne ruta vart vald, hersker det stor usikkerheit om, men kan det ha litt med aldrande turleiarar å gjere tru?


Veret var strålande, og føret var topp. Ein flott vårskitur.


Vi ankom bilane igjen i fire-halvfemtida, same dag.