Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Lianibbå 06.04.2015


Turen var annonsert som tur til Brunstadhornet men mykje snøfall midt ipåska opp på eit særs ustabilt vindtransportert snølag valgte vi å endre turmålet for 2. påskedags-turen pga skredfaren.


Vi var 17 hugarar som møtte i Velledalen kl 0900 og ingen hadde innvending på at turmålet var endra. Omlag 1 time seinare var vi framme ved skytebanå på Hellesylt og sjølve skituren kunne starte. Veret var godt, lettskya, fleire varmegrader og lite vind.


Første pause vart ved hytta ved Tronstadvatnet ( 713 moh). Vidare gjekk vi i stø kurs mot toppen som viste seg stort sett heile tida. Føre var særs lett, løypeleggarane sakk berre få centimeter ned.


Då vi paserte 1200moh la skodda seg tett rundt toppen og vi valgte å ta ei ny pause både for å få tilført ny energi og i håp om at sikta skulle bli betre! Skoddelokket ville ikkje lette så vi tok fatt på den siste oppstigninga i dårleg sikt og nådde toppen omlag 3.5 timer etter at vi starta frå skytebanå. Toppen var ikkje nokon plass som egna seg for pause, så etter at vi fekk skifta kle og fått av fellane var det berre å sette kursen ned igjen.


Utsikta på toppen var kvit (null sikt! ), dette itillegg til sur vind gjorde at vi blei enige om at vi heller tok ei ny pause der vi tok den siste på turen opp. Herifrå og ned var det ikkje sikta som var problem, men etter kvart som vi nerma oss vatnet vart snøen meir som lim og det vart tungt å svinge. Når vi var på flate parti og rann i spor gjekk det greit men når vi måtte ut av sporet blei det ein del spektakulære fall.


Alle kom ned til skytebanå og etter opptelling viste det seg at alle var beinheile! Litt trist at vi ikkje fekk ei kosepause på sjølve toppen med utsikt. Vi som har vore der før veit kor fint der er, dei andre som ikkje fekk oppleve dette denne dagen vil vi oppfordre å ta ein ny tur !!!