Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Hildrehesten 18.10.2014


Det var ein vakker haustdag med mange flotte fargar i fjellet.


I forkant av turen var det ein del diskusjon om kva som var den beste plassen å starte frå. Sidan den eine turleiaren hadde prøvegått turen helga før så måtte det bli ruta som vi var trygg på førte opp til turmålet. Den andre turleiaren var ikkje sikker på kvar ho gjekk frå med Fjellhug sist.


Seks ivrige turgåar og to hundar starta frå Gjerset og fylgde sætrevegen opp til Gjersetssætra og Gjersetvatnet. Grusvegen opp er ein privatveg som er kun grunneigar og hytteeigar køyrer. Vi var på tur så nokre høgdemeter til og frå vart berre ekstra trim.


Eit stykke inn i Gjersetdalen tok vi av opp til venstre. Råsa gjekk opp over lia mot Urkedalsvatnet. Stien var godt tillaga med heller og raude merke. Enkelte prøvde å telje raude merker, men kom av talet før vi runda ryggen opp mot toppen. Vi valte å fylje den merka stigen heil opp til toppen av Hildrehesten. Det var ikkje lett å ta feil av kvar ein skulle gå her, nei.


Før vi kom opp på toppen kom det ei ørn over hovudet på oss. Eit vakkert syn og eit fint fotoobjekt for dei ivrigaste fotografane. Oppe på toppen tok vi ein vel fortent kaffipause. Det var litt kald vind så vi forsøkte å finne ly ned om varden. Utsikta var flott i alle retningar og ikkje daglegdags syn for oss som bur i indre delar av Sunnmøre. Vi såg ned mot Hildre, Brattvågen, og dei ulike øyane ut mot havet i nord. Enkelte var nok støare i geografien enn andre, men namn fekk nok alle øyane til slutt.


I den andre retninga såg vi Lerstad, Ellingsøya og vidare inn over dei høge fjella på nordre Sunnmøre.


Etter ei kaffipause kom vi fram til at vi ville ta turen vidare langs fjellryggen. Hesteraua i midten og Hestehovudet lengst mot nord. Hesten er den høgaste delen av fjellet, men det er berre nokre meter i høgdeforskjell til dei andre toppane langs fjellryggen. Det var flott utsikt ut over heile fjellryggen og fotoapparata var i ivrig i bruk for å sikre seg flotte motiv.


Vi var mektig imponert over varden som var reist opp før Hestehovudet. Det er visst her råsa frå Brattvåg kjem opp på fjellryggen. Etter ei kort pause på Hestehovudet vandra vi inn igjen til Hesten, der vi hadde lagt frå oss sekkane. Enkelte våga ikkje å legge igjen sekken, fordi dei var redd at ørna kunne reise med den.


Regnet trua no inne over i fjellheimen så det var best å få opp farta ned igjen. Vi valde derfor å finne oss ein snarveg over myrane etter at vi hadde kome oss ned frå ryggen av fjellet.


Vel ned igjen var det berre å peile seg inn på neste ferje over Storfjorden .