Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Fivelstadnibba 21.09.2014


Værmeldinga som blei presentert på radioen kl 08 var langt frå lystelig. Regn, kuling og snø ned til 100-1200 moh (litt av ei gardering). Yr melde også ruskevær men hadde ei åpning for litt sol.


Det var denne garderinga dei 6 positive personane som hadde møtt opp satsa på då det blei betemt å gjennomføre turen.


Vi køyrde mot Hellesylt og her kunne hevda dei mest positive at dei såg eit glimt av blå himmel ! Men før vi kom til Nibbedalen hadde vindusviskarane hatt ein stor jobb og det såg surt ut.


Vi parkerte på Sætre og budde oss med gode regntette klær. Oppover skogen vart det mindre regn og idet vi nærma oss Sætre-setra var det opplett og Yr fekk rett : vi fekk sol ! Dette gjorde at vi tok matpause. Supert, men etter omlag 10 minutt var det skodde og regn som overtok og det var berre å pakke saman og vandre videre mot toppen.


Framdrifta var god sjølv om vi på omlag 800 meters høgde kom opp i skodde og nedbøren kom i kvit farge. Då vi nådde fortoppen på1198 moh vart vi samde om å snu. Vi gjekk omlag 100 høgdemeter ned der vi fann ly for vinden og vi tok ei velfortjent pause. Vi var no under skodda og kunne nyte utsikta som vi ikkje hadde på toppen.


Turen vidare nedover gjekk godt og idet vi kom ned i Sætredalen vart det opplett og sola titta så vidt fram igjen. Ny pause på setra før vi returnerte til bilane.


Alle var enige om at vi hadde tatt ei rett beslutning då vi valgte å gjennomføre turen !