Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Skårasalen 21.04.2014


Kortebuksevér med sol frå blå-blå himmel møtte 14 ivrige påsketuristar i Kvisstaddalen der dei etter beste evne prøvde å lukeparkere langs ein allereie overfylt sætreveg.


Skia på rett innom sætra, mange andre skituristar også denne siste påskedagen (kanskje så mange som 100-120 stk. totalt i løpet av dagen?), men dei fordelte seg fint utover.


Litt bratt opp ei renne mot Blåfjellet?, fin rast før siste kneika mot toppryggen.


Dei kjappaste var komne nedatt omtrent før oss fekk starta. Folksamt på toppen, men ein slik glitrande dag er alle gode brør og systre. Fin stemning og overveldande utsikt.


Etter lokaltips fann vi oss ein fin utsiktsplass mot fjorden litt nedom toppen. Mykje oppkøyrt terreng nedatt. Låra fekk jamnleg dose juling nedetter bratta.


Komen ned på sætra og joggeskoføre hång dei gode hugarane om kapp på garden for å få att pusten. Dette var heilt klart ei nedkøyring som krevde si kvinne og mann til gangs. På skjelvande lår lista fjellfolane eg nøgde nedatt til firehjulingane.


Ei knakande fin avslutning på ei glitrande fin påske (iallfall siste delen).