Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Storhornet, Godøya 20.10.2013


Storhornet er den høgaste toppen på Godøya, samt kommunetoppen for Giske kommune.


Det var 11 Fjellhugar som ville vere med på denne turen . Kjekt var at vi hadde 4 turdeltakar som var under 25 år. I tilegg hadde vi med tre hundar.


Vi valte å start frå Bedehuset / Småbåthamna. Den første snøen hadde komen i løpet av denne veka. Dette var store kontrastar frå helga før som hadde sommar temperaturar. Det var ein flott dag med klar himmel. Vi starta tidleg på dag (Kl 11 ) og slapp dermed å gå i kø oppe på fjellet. Første fotopausen var opp på førstehøgda med utsikta ned igjen mot Alnesfyr. Vidare gjekk vi opp over råsa til Alnesvatnet. Naturen spegla seg her i flotte kontrastar mellom snø, vatn og sollyset denne dagen.


Før vi starta på veg opp ryggen opp mot Storhornet måtte vi ta ein avstikkar til Johan Skytt-steinen. Det er ein stein som stikk utover kanten mot Alnes. Damene var dei ivrigaste til å kome seg ut på steinen for å bli teken bilde av. Steinen er oppkalla etter Johan Alnæs, og han var kjend for å skyte bjørn. Folk på Alnes var svært opptekne av at denne mannen som heiter Alnæs . Han skaut bjørn inn i Romsdalen. Det kan derfor tenkast at steinen som står som eit våpen over Alnes er oppkalla etter skyttaren Johan, Johan Skytt.


Etter oppstigninga til vatnet var tilbakelagt gjekk vi vidare opp langskanten på nordsida av Alnesvatnet og vidare på ryggen som leia opp mot både Sloktinden og Storhornet. Vi fylgde vidare ryggen opp over, svingar etter kvart til høgre og fylgde høgdedraget mot den høgaste toppen. Opp på toppen er det ein varde og sikteskive med besøksbok. Alle måtte få med seg retninga på dei ulike kjente fjella . Oversikta inn over Sykkkylvsfjella og resten av Sunnmørsalpane var eit fantastisk syn. Det var flott å sjå desse fjella frå ein anna vinkel enn det vi gjer til dagleg.


Vi fann oss ly for vinden på andre sida av toppen , for å ta oss ei matpausen. Vi starta så ned igjen ved å gå på sørsida av Storhornet og ned igjen mot Alnesvatnet. Denne delen av råsa var litt bratt, men det var ikkje mange meter som var litt trasige. Ved hjelp av god tid var alle ned igjen ved Alnesvatnet.


Dei fleste turdeltakarane ville vere med vidare å går langs kantane på sørsida av øya for å får med seg endå meir flott utsikt ut mot søre Sunnmøre. Vi gjekk derfor opp igjen i skaret og på råsa via Lesten/Lesthalsen / Rantane ( 401 m.o.h ). Vandringa langs kanten gjorde at det vart ein rikare turoppleving enn å berre gå opp på Storhornet og ned igjen. Det var kun ein person med hund som valte å ta den kortaste vegen rundt vatnet. Det vist seg å vere eit dårlegare alternativ, men tok mindre tid.


Etter å ha gått runden rundt avslutta vi med ein liten pause på Sunnmøre jeger og fisk si hytte, før vi gjekk ned igjen same råsa som vi kom opp. Vi hadde no gått rundt heile fjellrekka og fått med oss utsikta frå alle kantar.


Vel ned igjen ved bedehuset skilde vi lag , Dei ivrigaste måtte ha med seg kaffi på Alnesfyr før ein tok vende reise heim. Vi hadde brukt heile dagen på turen og fekk med oss tilslutt solnedgangen over Alnesfyr kl 18 på ettermiddagen.