Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Tynesfjellet 06.10.2013


Kl. 10.30 denne søndagsmorgonen sto 4 personer klar ved Tandstad skule i Straumgjerde. Sølv om vergudane hadde sendt nokre liter vatn i løpet av natta, var lufta klar og haustfargane glitra, og turver vart det.


Etter at vi hadde gått ein liten time, kom to raske karer, tok oss igjen og vart med vidare ut til Tynesfjellet. På toppen vart det litt vind, så vi søkte ly nedom brakka til monstermastekarane (dei held på å støype fundament til dei berømte monstermastene) for å innta medbrakt niste og kaffi.


Tilbakevegen gjekk om Hindaholen. Alle var samde om at turen hadde vore kjempefin, og at mange fleire kunne hatt glede av å ha blitt med.