Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Liavarden/Blåhorna 08.09.2013


Om det var den litt gråe morgonhimmelen eller ukjent turmål som gjorde at "berre" 11 hugarar møtte ved Montesorriskulen denne første søndagen i september skal vere usagt. Véret blei glimrande.


Frå garden Liene ca 400 m.o.h. startar ei lettgått turrås i nydeleg furuskog oppetter Hånkebrekka mot utsiktspunktet Lievarden. Ei mykje nytta trimrås hjå dei innfødde.


Sola skein på sveittevåte og sumarbrune kroppar alt tidleg på dag. Gildt utsyn frå Lievarden 700 m.o.h. både mot Sunnylvsfjorden og indre strok mot aust, mot vest blenkjer Vassetvatnet med sætergrender omkransa av Duklidalen og Blåhorna som var dagens turmål.


Mot Duklidalen og dei månge vardane fekk vi ein god pauseplass der ein kunne unne seg ein cowboy-strekk i mjuk reinsmose. Kulturhistorisk sus over vardane som lokale gjetarar bygde for kanskje over 100 år sidan? Siste vasshol før fjellet var Duklidalsvatnet. Deretter bratt opp austryggen mot Fremste Blåhornet. Kika på ei spanande rute om Møne og Mønedalen med brattare klyving i austegga innom toppen. Kanskje neste gong?


Litt vind på 1478 m.o.h., utsyn i alle himmelretningar. Retur ned mot bandet (ca 1200 m.o.h.) før siste vel 150 høgdemeterane mot Heimste Blåhornet 1336 m.o.h. Seige lår og leggar ved varden på rutas siste topp. No ventar den litt meir krevjande nordryggen på Heimste. Ikkje noko å grue seg for, greitt å gå sjølv om der er nokre luftige punkt.


Vel nede på heia kunne ein sjå tilbake på frisk rute over fine toppar i nydeleg kveldslys. Ei godt merka rås tok oss stødig til sæters ved Vassetvatnet der bil venta til Liene.


Ein glimrande tur med gode apostlar i gildt turterreng. Øss brukte ca. 8 timar inklusive særs gode pausar.