Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Lodalskåpa 20.05.2013


20 forventningsfulle morgonfuglar møtte opp ved Velledalen Montesorriskule i sekstida for å erobre Lodalskåpa ein gong utpå ettermiddagen. Det var køyrandes heilt opp til Bødalssætra, og det var bra, for vi måtte gå langt før vi fekk ta på skiene; heile tre timar. Det var enkelte som sleit då ei stund ;-).


Med ski på føtene (og ein med truger), så gjekk turen mykje lettare, og vi fossa fram til foten av toppen, der det vart på med stegjern og fram med isøks. Snøen var fast og fin so det gjekk greitt å gå opp til toppen.


Tåka kom sigande i sør, så etter litt fotografering tok vi fatt på nedatturen.


Vi brukte knapt ti timar på turen totalt, med pausar. Det var fin skiføre og lett å gå. Veret var topp; enkelt gjekk med shorts heilt opp, og det var sol det meste av tida.


Takk til kyndig leiing av Frode.