Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Ystevasstinden 01.04.2013


Makeleg start ved å ta Fursettrekket til topps og så rusle etter oppkøyrd løype utan spor inn Langedalen til Storetua. Men 3 menn med stor M markerte styrke alt frå starten ved å kutte ut heisturen og la i veg rett opp alpintraseen til topps. Snakk om å markere form og psykisk press mot oss andre.


I alt var vi 17 personar som la turen over Tuvegga (1181 m.o.h.) før vi tok oss ned i Vassdalen med blanda eleganse. Matpause før ein kleiv stigningane og opp att mot Ystevasshornet og nådde toppvaren i fin stil.


Returen gjekk i same spora tilbake utan noko form for problem. Tidsbruk: knapt 6 timar tur/retur. Veret: Lagleg.