Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Urfjellet 17.02.2013


I utgangspunktet skulle det vere tur på Urfjellet. Men pga snøskred faret vart turen flytta.Vi tenkte oss å gå på Kleivdalsfjellet . Vi gjekk frå Fjellsetra pga vi var usikker på snø forholda. Det var 6 fjellhugar som deltok på turen saman med ein hund.


Det var ganske hard oppgjennom lia, men greitt å gå. Vi gjekk først opp på den ytre toppen på Myrdalsfjellet og fylgde ryggen fram på hovudtoppen. Det var kaldt og vindfullt så det vart heller korte pausar. Dei fleste hadde lyst til å gå vidare på Kleivdalsfjellet sjølv om den ein turleiar meinte det var for lite snø. Men fleirtale bestemte.


Vi vandra vidare over bandet og sikta på turmålet. Vi såg no at vegen vidare opp mot Kleivdalsfjellet var heller lite snø , ur og steinar stakk opp av snøen. Valet no var å snu eller å gå på beina vidare. Vi valte å snudde ned igjen. I skiløypa ned igjen var det ein del skare , så det var greitt å kunne halde seg på beina om ein ikkje skulle skade seg. Det var nok enkelte som var meir redd for lårhalsbrot enn andre , men alle kom velberga ned igjen.


Det var endå tidleg dag etter ein kort ski tur.