Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Raudeberga/Hinakken 28.10.2012


Etter lengretid med skikkelig "dritvær" fann turledarane ut at vi skulle gi turgaranti ! Veka før hadde vi både regn og storm, og då helga nærma seg snøva det vannrett. Søndag kva skjer? Jau, vindstille, skyfritt men kaldt, så slik garanti trur vi at sjølv værgudane tek hensyn til :


Haustsola nådde vi like over garden på Lyshol, og det var lett å gå i snøven oppover til sætra då nokon hadde trakka rås med truger tidligere. På sætra tok vi oss ein matpause, men kulden gjorde at det blei ein kort rast. Vidare gjekk turen i 40-50 cm snøv mot Raudeberga, ein stad der mange har rissa inn navnet sitt i berget. Etter litt studie av rissingane gjekk vi oppover mot Hinakken. Snødjupna varierte og på det meste var det å baske i snøv godt opp på låra.


Men til topps kom vi oss og fekk nyte utsikta. Returen blei lagt om Raudeberga og ned til Grebstadlia der vi hadde sett frå oss bilar så vi kunne kome oss tilbake til Lyshol. Vi hadde ein fin liten rundtur som absolutt kan anbefalast!