Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Geithornet 01.09.2012


Grunna usikre vermeldingar og vanskeleg? turmål, var det berre 6 frammøtte ved inntaksdammen til Urke Kraftverk, der råsa innover Langseterdalen starta.


Her kan ein gå til Patchellhytta eller ta av ved Langsætra og gå vidare mot Barstadflåna evt. rundt Gullmorhornmassivet og til Velleseterhytta.


Oss gjekk same råsa frå sætra opp i Sykkylvsdalen, opp til brefallet frå Gullmorbreen. Veret var overskya men med fin temperatur.


Etter ei matykt bitta samtlege seg inn i tauet, stegjern og sele var alt på plass. Eit lite men dynamisk taulag med Knut som myndig breførar (eller breåte) sikta seg rett opp brefallet så blåis-spruten stod rundt stegjarna. Endå brattare opp mot Geitskaret, men snøen var akkurat passe hard.


No blei oss innhenta av regn og skodde, i Geitskaret var det rett surt. Men oss beit tennene ihop og sikta oss inn på ein stor stein/ hammar litt ned på søraustryggen. Derifrå opp langs ryggen mot austegga.


Veret blei endå våtare, svaberga som vi måtte krysse for å kome oss opp og inn på toppegga/ ryggen blei livsfarleg glatte.


På 1350 meter over havet snudde vi, det var rett og slett uforsvarleg å fortsette. Vi lista oss nedatt til Geitskaret og peila inn på Isavatnet.


Der kom vi inn på råsa frå Patchellhytta mot Urke. Slik blei det ein fin rundtur rundt Geithornmassivet.


Regnveret gav seg, men skodda hang godt ned i dei høgaste toppane. Komen ned til Isavatnet og lavare ned Langseterdalen steig temperaturen so pass at myggen blei største utfordringa.


Nede ved inntaket vel kl. 18.00, etter 7,5 t. på tur. Sjølv om Geithornet ikkje gav audiens denne gongen hadde vi ein flott og frisk rundtur.


Kjell G.