Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Runde Fyr 02.11.2008


4 arme sjeler møter på Ørsneset for å rekke 930 ferga. Kong Vinter har banka ettertrykkeleg på døra nokre dagar, og ettersom dagane er korte må vi avgarde tidleg for å få dagslys på heile turen. I dag har hausten tatt tilbake makta med plussgrader, regnbyger og vind.


Vi møter Anne Marta på Sulesund, men kjem akkurat for seint til å rekke 10-ferga til Hareid. Asgeir m/fam. har vore lur nok til å forutsjå dette, og har tatt ei seinare ferge frå Ørsneset. Dei tek oss att med god margin.


I halv eitt tida startar vi åtte hugarar frå parkeringsplassen, og ruslar først innover mot eit folketomt downtown Goksøyr og tek så fatt på oppstigninga. Først på bratt opparbeida grusveg til vi kjem litt opp i høgda. Her består terrenget av trelaust åslandskap og vi går på godt opptrakka blaute råser og delvis på utlagte trebruer.


Det store antall fuglar som har gjort staden så vidkjent var forlengst trekt til varmare strøk. Knappast ein måse å sjå også. Berre ein sliten saueflokk er att for å passe på landskapet i dei småtrasige regnbygene. Vi passerer etter kvart det høgste punktet på ruta som er omlag 240 moh, og tek snart fatt på nedstiginga til fyret.


Etter vel ein times gange sit vi inne i huset som er omgjort til DNT-hytte. Tre lokale turvandrarar er allereie ankomt før oss og dei auser gladeleg av seg av historisk kunnskap, både i høve fyret og det vidgjetne Nederlandske skipet Akkerendam som gjekk ned rett utanfor fyret i 1725. Det hadde med seg heile landets årsproduksjon av gullmyntar som var beregna for handel i Vestindia.


Etter inntak av vått og tørr proviant, og litt sightseeing i bebyggelsen tok vi fatt på heimvegen. Då vi kom på det høgste punktet var det forslag om å gå opp på fjelltoppen Rundebranden på 294 moh. Dette blei raskt nedstemt til tross for at regnveret no hadde gitt seg. Det var kanskje greit nok, for då vi kom tilbake til bilane var det i ferd med å skymast. Hamburger på fergekiosken på Hareid smakte godt.


Tross alt så var dette ein fin tur i storslåtte natur og med historiske leksjonar som bonus.