Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Sandvikhornet 15.06.2012


Kveldstur til Sandvikhornet med start frå Hjellane kl 20.30 med håp om å få med seg solnedgangen. Tidlig på dag var det både regn og skodde så forhåpningane var små. Då vi skulle starte hadde været bedra seg betraktelig og 13 personer og 2 hunder starta optimistisk oppover bakkane mot Vassætra. Der tok vi oss ein god pause med kaffi og mat, nytte utsikta mot Stordfjorden og utover mot "bya".Det blei mykje fotografering og hyggelig prat. Vi nådde toppen av Sandvikhornet i 22.30-tida og rigga oss til med gode sitteplasser, mat, drikke, bål og hadde fotoapparata klare.


Vi fekk flott valuta for strevet, himmelen blei raud og fin akkurat som vi hadde håpa på, og det blei tatt mange fine bilder. Siste solstrålen forsvann kl 23.50.Ein fornøgd gjeng tusla seg heimatt med gode opplevelser i bagasjen.