Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Myrdalsætra 02.06.2012


Fjellhug inviterte til beremeis-tur frå La til Myrdalssætra laurdag 2. juni. Ein typisk småbarnsfamilietur. Men det var langt fleire kjøtmeiser og blåmeiser som møtte opp enn beremeiser. Faktisk berre to i talet av den ikkje-flygande arten. Og dei som bar meisene var begge oppsett som turleiarar. Oppi meisene sat Sunniva på 13 kilo og Frøya som var litt lettare. Den eine duppa på oppturen medan den andre knalla på nedturen. I tillegg stilte ei av mødrene til start. Ho heldt seg nokonlunde vaken både opp og ned. Altså var vi fem stykker med smått og stort.


Regnbygene låg og knuga rundt oss då vi starta frå La-fabrikken, men dei fekk liksom ikkje noko dreis på sakene. Temperaturen låg heilt på grensa til ull-stillongs. Ein skulle ikkje tru det var juni og at ein veka før hadde sprada rundt i shorts og bar overkropp til langt på kveld. Skogsvegen frå La var i god stand og baud på særs fin vandring innover Holemarkane og opp lia til sæters. Etter knappe tre kvarter, nesten utan nedbør, runda vi siste kanten oppe på stølen. Og bak eit eller anna selshjørne stod truleg han fysaken frå Ivo Caprino-eventyret og drog pusten, før han sleppte ut ein vinter med sludd- og snøbyger. Men han gav seg fort etter dette stuntet. Då vi tok til å leite etter ly for matrasten revna skydekket som ei gamal ondebrok, akkurat der sola var! Det blei rett veltemperert. Dermed kunne kakao, kaffi, te, brødblingsar, kjeks, mør og anna snacks nytast til fulle på bord og benk utanfor "Kallen-selet". Som straff for dette lukketreffet fekk vi regn på heimturen.