Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Brustind 09.04.2012


9 personer og ein hund haddre stått tidleg opp denne 2.påskedagsmorgen, oppmøte kl. 09.15 på Ørsnes fergekai.


Vi starta fra Bakkesætra som ligg eit lite stykke ned fra Ørskogfjellet mot Vestnes.


Turen til Brustind, eller Trolltind som mange seier, gjekk først gjennom skog, der nokre sprekingar hadde lagt sporet bratt dagen før.


"Ver trygg, gå rygg" vart valgt på grunn av rasfare i området. Steinete og bratt eit stykke oppover ryggen, og nokre valgte å ta av skia her.


Mot toppen openbara det seg ei praktfull utsikt over romsdalsnaturen og b.l.a. mot Molde. Kald vind på toppen gjorde at pausen der vart kort, men


den tok vi igjen lenger ned i lia der det var lunt og fint.


Ein fin tur som kan anbefalast, gjerne som ein haust- tur neste gong.