Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Myrdalsfjellet 19.02.2012


Hufsande ver med snø, vind og dårleg sikt i ei herleg blanding. Likevel stod 7 tindrande fjellhugarar på Lade klare til å gje seg i kast med elementa. Urfjellet var det annonserte turmålet, men fornufta sigra, og Myrdalsfjellet med oppstigning frå Drabløsskiftet vart unisont fremja som eit rassikkert alternativ etter dei rådande forholda.


Etter ein kjapp motorisert transport til Drabløsskiftet tok det ikkje lenge før "det lisje skitoget" med Kjell som første snøfresar var i gang retning Myrdalsfjellet.


Vêrmeldinga bar med seg håp om ein liten "solglimtkorridor" mellom kl.11 og 14. Den kom ikkje. Vinden tok derimot godt til tider. Jamt og trutt baska ein seg mot toppen, medan vinden prøvde å rive av kleda og snødrevet heldt fram. Ein trong å vere i aktivitet for å halde varmen. Med varden i sikte var nok nok, og vi reiv av fellene , pakka ned staheita og fann ut det var like godt å pjaske seg ned att.


Masse pudder gjorde nedfarta rett komfortabel, mest som å ta heis mot dalbotnen. Med tyngda lett bakpå vart dette fin puddersurfing. Farta vart ikkje overlag stor, men stor nok til at vi var tilbake ved Drabløsskiftet før klokka hadde slått 1, sjølv med inkludert matpause ved den nye furua som vekst fram ikkje så langt frå den som var eit ynda turmål i ungdomens vår.