Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Søvikhornet 16.10.2011


44 føter og eit ukjent antal stavar la trøstig i veg frå Løset i Søvikdalen sånn ut på formiddagen ein gong. Den yngste av dei tobeinte 13 år, og den eldste 74. Begge i utmerka god form.


Knapt komne igong med vandringa vart det eit fæla leven då bikkja Sita som gjekk i front rota seg inn i eit elektrisk gjerde med straum på. Same jomfruelege unghunden vart etter kvart noko skeptisk til store Manu si interesse for det svake kjønn.


Turen gjekk greitt oppover. Faktisk so greit at det nesten ikkje vart matpause på oppturen. Vel oppe kunne vi nyte meir niste og utsikta til omlandet, der vi såg at regnet stod tett ute ved kysten. Av ein eller anna grunn slapp vi unna med kun nokre frå lette dropar.


Kartet viste no kor flatt det var over til Jogadshornet. Dit måtte vi. Dette er imidlertid ein av dei stadane kartet lyg. To skrentar der spesielt den siste baud på litt problem å kome ned. Dette viste godt på enkelte bakender som vart brukt som akebrett ned våte mosebakkar.


Frå Jogardshornet gjekk råsa og vegen i ei retning. Ned. Nedturen tok imidlertid ei god stund, då enkelte kom over forekomster av skogens gull. Dette måtte nøytast, då det ikkje er kvardagskost det her snakkast om. Ned kom vi iallfall.