Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Vardegga 18.09.2011


Eidsvatnet- Varegga- Indreeidshornet- Eidshornet- Geitfonnegga- Haugset- Korsmyra.


Krevjande overgangstur frå Eidsdal til Geiranger.


Etter ein knall -laurdag vermessig , var det litt labert oppmøte denne tidleg sundagsmorgon midt i september. Kanskje var det nysnøen ned i fjella eller den tidlege starten som skremde dei store massane. La gå, ein fin gjeng på 7 stk og ein afrikansk kløvhund starta i fint driv oppover den bratte lia frå Eidsvatnet i nydeleg haustver.


Komen opp på heia og nesten opp til Oaldsvatnet runda vi fint sørover mot Bolletehornet og rutas vanskelegaste punkt, Vardegga. Kven skulle tru at ein afrikansk kløvhund skulle ta seg opp der, dog med litt løft og drahjelp frå far og mor. Ikkje mindre enn imponerande av Manu!


Litt kald austatrekk når oss kom opp på toppen av Vardegga. Litt nedstigning til Sledalen før oss sikta oss inn på bandet mellom Eidsdalshornet og Indreeidshornet. Alle måtte den lille omvegen tilbake til Indreeidshornet for å nyte utsikta nedover Eidsdalen.


Ruta vidare gjekk mot Eidsdalshornet på 1626 moh. Før oss kom dit passert vi fleire tydelege bogestø, fint oppmura steinsirklar der veidemenn heilt tilbake til steinalderen gøymde seg for å kome på betre spjuthald av reinen som trekkte i desse fjella.


Kjentmann Ove registrerte villig vekk med GPS`n slik at einveit nøyaktig kor desse fornmina ligg i terrenget. Dette kan vere spennande turkart med innlagt historiske godbitar. Sur og kald austaskjelle gjorde visitten kort på høgaste nutane.


Nysnøen heldt godt stand her oppe i over 1600 meters høgde, ca 10-15 cm ?


Vidare barst det nedover til turens siste topp Geitfonnegga, med nydeleg utsikt over Geirangerfjorden. Kort audiens også her, bratt nedstigning til i starten før det flata meir behagleg ut mot sætra, Haugset og Korsmyra der retur bilane stod. Rundt 8 timar brukte oss, nærmare 1500 høgdemeter stigning, ein gild tur i storslagent verdsarvlandskap. Det var vel fleire enn Manu som var lettlange denne kvelden.