Fjellhug

Hovedsida  Komande turar  Ruteskildringar  Utstyr Diskusjonsforum  Turboka  Bli medlem  Fjellhugboka  Fjellvetreglane  Lenker


Tur til: Glitteregga 07.08.2011


Søndag 7. august 2011 møttest ni tobeinte og ein firebeint opp på Velledalen skule klokka 09.00. Då skulle dei bestige Glitreggja, ein 1297 meters høg topp i Eid kommune. Visstnok den høgaste i kommunen, seier dei. Veret var framifrå, og alt låg til rette for ei vellukka utfart.


Etter ein god times køyring og opp ein bomveg så enda vi opp på ein parkeringsplass ca. 280 moh, og gjengen fekk endeleg velte seg ut av bilane og starte vandringa mot toppen. Etter 5 minutts gange kom første utfordringa; ei granliknande buskvekst som var å finne i hopetal langs vegen. Kva heitte denne? Ove sakka atti, og vi såg han hadde det låkt, for han kunne ikkje heilt plassere denne buska. Vi andre hadde ikkje noko å bidra med i det heile.


Vi vandra vidare opp gjennom ein granskog til ca 700 moh, og då opna det seg ei fantastisk flott høgfjellsområde, der vi kunne rusle innover og berre nyte lufta, utsikta og lydane. Ove hadde dukka opp igjen, meir rett i ryggen enn sist vi såg han, og antyda ei løysing på mysteriet: Det måtte vere ei type lerk (?).


Etter fem minutts vandring innover fjellvidda byrja turgåarane å spreie seg. Dei oppførte seg omtrent som når ein slepper sauene ut på beite. Leiarane prøvde å samle dei, men utan hell. Molta var visst meir interessant en Glitreggja. Vel, vel. Om litt var følgje likavel samla i rekkje, og turen gjekk vidare innover mot "Sonja." Sonja ligg på 730 mtr., og er ei utlåns- jakthytte som alle kan leige. Den vart reist i 1936, og fekk namnet etter vår legendariske kunstløperske som tok olympisk gull det året. I 1997 vart den riven og bygd oppatt, og står i dag fram som ei flott hytte med god standard.


Etter inntak av mat og drikke gjekk turen vidare oppover mot toppen. Undervegs openberra det seg ein kjende toppen etter den andre rundt i horisonten; Råna, Slogen, Jakta, Horningdalsrokken, Eidskyrkja, Toren, Skåla, Lodalskåpa, Jostedalsbreen, Gjegnen, og fleire med desse. Fylgjet heldt eit roleg tempo oppover, og praten gjekk lystig.


Etter ein liten time på toppen med niste og nyting av utsikta og fotografering, så bar det nedover igjen, delvis ei litt anna rute enn vi gjekk opp.


Dagen vart avslutta med ein velfortent is på Grodås.


Takk for følgjet.